Sesongkort styrkerom
Tilgang til styrkerommet i eit halvt år
Sesongkort kjøpt etter 1. januar er gyldig til og med juni same år. Sesongkort kjøpt etter 1. juli er gyldig ut året.
- Du må alltid reservere tid før du skal trene.
- For å koma inn må du ha eit nøkkelkort. Les meir om dette under boksen "Nøkkelkort".
- Aldersgrensa for å trene aleine er 16 år.
- Ungdom mellom 13 og 16 år kan trene om dei er saman med ein føresett som har nøkkelkort. Dei kan ikkje trene aleine eller ha eige nøkkelkort.
- Når du har betalt for sesongkort tar du eit skjermbilde av kvitteringa og sender på sms til vaktmeistar, som då oppdaterer kortet ditt. Du kan ikkje bruke kortet før du har fått svar frå vaktmeistar om at kortet er oppdatert.
- Honørrabatt er tilgjengeleg for pensjonistar, uføre, studentar, vernepliktige og ungdom mellom 13 og 18 år.
Reglar for bruk av styrkerommet les du her.
Bruk av styrkerom utanom reservert tid fører til inndraging av nøkkelkort.