Skuterløyve
Vinje kommune har eit eige løypenett for fritidskøyring med snøskuter. For å kunne nytte deg av løypenettet må du ha eit personleg køyreløyve, som du kjøper her.
For sesongløyve og ungdomsløyve må du ha betalt medlemskap og vera godkjent medlem i ein av skuterklubbane i Vinje, før du kjøper løyve.
Løypenettet er stengt frå og med 5. mai.
Me vil informere om når me opnar for sal av løyve utpå hausten, og når skuterløypene igjen er klare for å opnast til vinteren. Fylg med på heimesida til Vinje kommune og i innbyggarappen Friskus, der me har ein eigen kategori som heiter Snøskuterkøyring.
Les meir …