Nøkkelkort styrkerom
Nøkkelkort for å koma inn på styrkeromma
Dersom du allereie har eit nøkkelkort kan du nytte dette. Tilsette i Vinje kommune kan også bruke sine eigne adgangskort.
Om du treng nytt kort skal du kjøpe kortet her, og så ta kontakt med vaktmeister for å gjera avtale om når du kan hente kortet. Vis kvittering på kjøp av kort når du hentar kortet ditt.
Ungdom mellom 13 og 16 år får ikkje kjøpe nøkkelkort. Dei må trene saman med ein føresett som må ha kort.
Når du har betalt for sesongkort eller månadskort tar du eit skjermbilde av kvitteringa og sender på sms til vaktmeister, som då vil oppdatere kortet ditt. Du kan ikkje bruke kortet før du har fått svar frå vaktmeistar om at kortet er oppdatert.
Ved kjøp av nøkkelkort godtek eg avtale for nøkkelkort til styrkerom. Les avtala her.
Vaktmeister Vinjehuset: 91 68 31 46
Vaktmeister Raulandshuset: 90 69 73 41
Vaktmeister Edland samfunnshus: 93 00 77 74