Inngang symjehall
50,00 kr
Grunna stor pågang må alle som skal nytte bassenget på Rauland, reservere/kjøpe billett på førehand. Vel «Inngang symjehall» for å sjå når det er ledig. Dusj/badstoge kjøper du direkte ved frammøte. I Vinje er det gratis å bade for barn og unge opp til 20 år. Symjehallane er stengde frå 1. juni til 31. august.
I Vinje har me tre kommunale styrketreningsrom, som ligg i Åmot, Edland og Rauland. Styrketreningsromma skal vera lågterskeltilbod, som skal bidra til god folkehelse. Du må reservere tid i styrketreningsrommet før du trenar. Det er viktig at du set deg inn i reglane for bruk av rommet, slik at alle får ei god oppleving når dei trenar. Brot på reglane kan føre til at du mistar nøkkelkortet. Du finn reglane i kvar av dei tre boksane under. Styrketreningsromma er stengde frå 1. juli til 16. august.
Reservere tid i styrkerom
0,00 kr
Månadskort styrkerom
200,00 kr
Sesongkort styrkerom
650,00 kr
Nøkkelkort styrkerom
100,00 kr
Friskliv og meistring ligg organisert under fysio- og ergoterapitenesta i Vinje kommune. Det er eit tilbod til alle innbyggjarar i kommunen, der me legg særleg vekt på førebygging som helsefremjande tiltak. Sjå timeplan for gruppetreningar i dei tre boksane under.
Transportordningar for bebuarar i Vinje kommune
Vinje kommune har eit eige løypenett for fritidskøyring med snøskuter. For å kunne nytte deg av løypenettet må du ha eit personleg køyreløyve, som du kjøper her. For sesongløyve og ungdomsløyve må du ha betalt medlemskap og vera godkjent medlem i ein av skuterklubbane i Vinje, før du kjøper løyve. Løypenettet er stengt frå og med 5. mai. Me vil informere om når me opnar for sal av løyve utpå hausten, og når skuterløypene igjen er klare for å opnast til vinteren. Fylg med på heimesida til Vinje kommune og i innbyggarappen Friskus, der me har ein eigen kategori som heiter Snøskuterkøyring.
Døgnløyve
170,00 kr
Sesongløyve 2025/26
1 700,00 kr
Ungdomsløyve 2025/26
850,00 kr
Songaløyve 2025/26
315,00 kr
Grunneigarløyve 2025/26
0,00 kr
Vinje kommune eig den store eigedomen Berunuten vest, på nordsida av Songavatnet. På eigedomen er der 7 hytter + uthus som står opne, og kan nyttast til overnatting eller rast mot betaling.
Overnatting i hytte
250,00 kr
Rast/dagopphald
50,00 kr
Villrein bukkekort
3 500,00 kr
Villrein fritt dyr/kalv
3 500,00 kr
Elgjakt
0,00 kr
Fiske