
Inngang symjehall
50,00 kr
Grunna stor pågang må alle som skal nytte bassenget på Rauland, reservere/kjøpe billett på førehand. Vel «Inngang symjehall» for å sjå når det er ledig. Dusj/badstoge kjøper du direkte ved frammøte. I Vinje er det gratis å bade for barn og unge opp til 20 år.
I Vinje har me tre kommunale styrketreningsrom, som ligg i Åmot, Edland og Rauland. Styrketreningsromma skal vera lågterskeltilbod, som skal bidra til god folkehelse. Du må reservere tid i styrketreningsrommet før du trenar. Det er viktig at du set deg inn i reglane for bruk av rommet, slik at alle får ei god oppleving når dei trenar. Brot på reglane kan føre til at du mistar nykelkortet. Du finn reglane i kvar av dei tre boksane under. Styrkerommet er stengt mellom 1. juli og skulestart i august.
Reservere tid i styrkerom
0,00 kr
Månadskort styrkerom
200,00 kr
Sesongkort styrkerom
645,00 kr
Nykelkort styrkerom
100,00 kr
Friskliv og meistring ligg organisert under fysio- og ergoterapitenesta i Vinje kommune. Det er eit tilbod til alle innbyggjarar i kommunen, der me legg særleg vekt på førebygging som helsefremjande tiltak. Sjå timeplan for gruppetreningar i dei tre boksane under.
Transportordningar for bebuarar i Vinje kommune
Vinje kommune eig den store eigedomen Berunuten vest, på nordsida av Songavatnet. På eigedomen er der 7 hytter + uthus som står opne, og kan nyttast til overnatting eller rast mot betaling.
Overnatting i hytte
250,00 kr
Rast/dagopphald
50,00 kr
Villrein bukkekort
3 500,00 kr
Villrein fritt dyr/kalv
3 500,00 kr
Elgjakt
0,00 kr
Fiske