
Villrein bukkekort
Søknad om kort, innbyggjarar i Vinje og andre
Vinje kommune opnar for jakt på villrein og elg. Innbyggjarar i Vinje blir prioritert. Årets kvote er på reine bukkekort, frie dyr og kalv. Frie dyr og kalv blir slått saman til ei pakke, der me oppfordrar til å skyte simle på det frie kortet. Bukkekort og fritt/kalv har same pris.
Som tidlegare skjer tildeling ved loddtrekning. Du treng berre søkje på eit kort. Får du ikkje det kortet du søkte på, blir du overført til det andre kortet. Du betalar når du søkjer. Det har ingenting å sei når tid du søkjer innanfor fristen, for om du får tildelt kort. Dei som ikkje når opp i trekninga vil få pengane refundert etter få dagar.
Søknadsfrist for villrein og elgjakt er 15. juni
Det vart lagt inn feil pris på kortet. Rektig pris er nå oppdatert. Dei som søkte før endring gjort 6. juni får mellomlegget refundert. Me beklagar dette.