Hopp til innhold
Heim for ein femtilapp - Vinje kommune
Heim for ein femtilapp - Vinje kommune

Heim for ein femtilapp

Heimtransport for unge mellom 16 og 25 år

Retningsliner

  • Heim for ein 50-lapp gjeld kun heim til der du bur, eller der du skal overnatte.
  • Du må rekne med samkøyring og nokon gonger køyring om andre stader for å komme deg heim.
  • Gjeld kun transport i Vinje kommune mellom kl 18.00 og 06.00.
  • Du skal vise respekt for sjåfør og andre passasjerar.
  • Heim for ein 50-lapp gjeld ungdom og unge vaksne i alderen 16–25 år (OBS! Endra 1.4.2025)
  • Heim for ein 50-lapp gjeld per person, og turen må betalast av kvar enkelt passasjer, ikkje per. bil/taxi.

Pasientreiser gjeng alltid føre heim for ein 50-lapp. Taxi-selskapet har ansvaret for å gje beskjed om turen som er bestilt vert utsett eller ikkje kan køyrast.

Me vil prøve å hente deg så nært opptil tidspunktet du ynskjer, og normalt innan 30 minutt. Om du ikkje får tilbakemelding i løpet av 10 minutt etter bestilling, ring oss på 35 07 22 00. Særleg på kveld og natt kan det hende me ikkje oppdagar bestillinga med ei gong.

Dersom turen går til arrangement, fest eller anna stad enn heim, kan du bli fakturera for faktisk kostnad for turen.