Hopp til innhold
Sesongløyve 2024/25 - Vinje kommune

Sesongløyve 2024/25

Årsløyve for medlemmar av skuterklubbar

For å kunne kjøpe sesongløyve må du vera godkjent medlem og ha betalt årskontingent i ein av kommunen sine skuterklubbar: Haukeli, Rauland eller Møsstrond. Ta kontakt med den aktuelle klubben om korleis du går fram for å bli medlem.

Alle som kjøper sesongløyve blir kontrollert mot medlemsregister i klubbane før løyvet blir sendt på e-post. Dersom kjøpar ikkje blir godteke, blir kjøpet automatisk kansellert, og pengane blir ikkje trekt.