Vinje kommune

Skuterløyve

Kjøp av skuterløyve

Alle løyver skrivast ut til den som kjøper, og blir sendt på epost til adressa som oppgis. Du må ha med deg løyvet når du er ute og kjøyrer, anten skriven ut på papir eller tilgjengeleg på smarttelefon eller liknande.

Årsløyver og grunneigarløyver krev godkjenning av kjøpar. Her bestiller og betaler ein løyvet på førehand, men løyvet blir ikkje skriven ut før kjøpar er godkjent. Ofte vil godkjenninga skjer automatisk mot lister, og sendast då ut umiddelbart. Ved manuell kontroll kan det ta nokre arbeidsdagar før ein får løyvet. Om ein ikkje blir godkjent, blir betalinga automatisk tilbakeført. Alle dagsløyve skrivast ut med ei gong.

Det er inga angrerett på skuterløyver, då desse er skrive ut på spesifikke dagar og til spesifikke personar. Løyver blir ikkje refundert ved stengte løyper eller andre uforutsette hendingar.

Selgar er Vinje kommune. Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål, eller dersom det skulle vere problem med løyvet ditt.

Lukk